Langrennstrening
Sesongen startar med første trening 15. oktober, og varar til veke 12 eller veke 13 (utgangen av mars 2026, avhengig av snøforholda) 2026. Det går fint an å melde seg på i løpet av sesongen òg, men ein må betale treningsavgifta.
Treningsgrupper:
Vi har som utgangspunkt tre treningsgrupper: 2. og 3. klasse, 4. og 5. klasse og 6. klasse og eldre.
Påmelding 6. klasse og eldre her * (NB, sjå justert treningstid under)
NB, det er inga øvre aldersgrense for å delta på langrennstrening, vi tilpassar øktene ved store skilnadar i alder
Treningsstad:
Langeland ski- og fritidssenter gjennom heile sesongen. Vi trenar rulleski eller barmark frå hausten og til snøen kjem, og så er vi alltid på ski når vi har snø.
Treningstid og trenarar:
2. og 3. klasse onsdagar kl 18-19 (Langeland). Hovudtrenar: Bodil Ryste.
4. og 5. klasse onsdagar kl. 18.00 - 19.00 (Langeland). Hovudtrenar: André Haugsbø
6. klasse og eldre onsdagar kl. 19.00 - 20.15 (Langeland). NB, einskilde gonger er treningstida kl. 18-19 når vi samkøyrer med dei andre gruppene. Det blir varsla i Hoopit.
Treningsavgift:
Kr. 600,- for 2-3 klasse og 4-5 klasse
Kr. 700 for 6. klasse og eldre
Sjå også brukarbetaling lenger ned.
Trenarar:
Bodil Ryste og André Haugsbø med hjelp av ungdomstrenarar og foreldre. Føresette vil bli sett opp som hjelparar på einskilde økter, med oppgåver som å hjelpe å halde ro i gruppa, knyte sko, følge til toalettet, eller ulike ting som gjer at trenaren lettare kan fokusere på sjølve treninga.
Utstyr:
Rulleski: Vi har ski til utlån til alle, samt nokre hjelmar. Ein må ha skisko (helst med ankelstøtte), skistavar. Eldste gruppe bør ha rulleskipigg.
Barmark: Joggesko (sko som er gode å bevege seg i). Kle etter veret.
Ski: Langrennsski, skisko, skistavar. Frå 4 klasse og eldre deler vi mellom klassisk og skøyting, slik at ein får øve litt på begge stilartar.
Brukarbetaling Langeland ski- og fritidssenter
Alle føresette som har barn på langrennstrening, vil få tilbod om å kjøpe årskort på Langeland ski- og fritidssenter til rabattert pris kr. 500,- Dersom ein ikkje nyttar seg av tilbodet er det mogleg å betale dagparkering. Betaling skjer via inpark.no. Det er også sett opp ei "drop-off" tid, ved at det ikkje blir betaling dersom ein køyrer ut inntil 15 minutt etter ein køyrde inn. Meir info hos langelandskisenter.no
Karusellrenn og andre skirenn i løpet av vinteren:
Karusellrenn 2026: 6. januar, 13. januar, 3. februar, 10. februar, 3. mars og 15. mars
Kretsrenn på Langeland 2026: KM klassisk sprint 24. januar og KM klassisk distanse 25. januar
Andre skirenn Sogn og Fjordane skikrins
Kontaktpersonar:
Gruppestyret 2025-2026:
Leiar: Bodil Ryste, tlf. 97518349
Nestleiar: Karsten Karlsen Sunde, tlf. 97162393
Styremedlem: Ingeborg Grinde, Torstein Bolstad Blikra, Nina Bjørvik