Bygstad idrett og fritidspark er opna
Forfatter: Terese Berge Myklebust
20. september 2023
Vi opnar for bruk frå onsdag 20/9. Torsdag 21/9 er hallen (kunstgrasbana) open for alle kl 19.00-20.00 (er utleigd før det).
I dag, onsdag 20/9 er kunstgrasbana og løpebana open for alle som ønskjer - gratis - kl 17.30-20.00! Barn opp til og med 4.klasse må vere i følgje med vaksen.
Vidare framover vil hallen kunne bookast gjennom kommunen si nettside (sjå nedst) og det vil vere ope for uorganisert bruk på kunstgrasbana og løpebana i opningstidene når/dersom det er ledige. Buldrevegg, turngrop og lengdegrop vil berre vere tilgjengeleg ved organiserte treningar og booking med ansvarlege vaksne.
De kan følgje med på opningstider/booking på kommunen si side og her på GIL si nettside. Her vil de òg etterkvart finne meir info om opningstider, reglar for bruk, oppdateringar m.m. Vi oppsummerer dei viktigaste reglane her:
- Alle må vise hensyn og følgje reglar (heng i hallen og vil bli lagt ut her) og instruksar frå vakta
- Bytt sko når de kjem til hallen, slik at det ikkje blir dratt inn skit og søle i hallen
- Det er ikkje tillat med mat og drikke i hallen - berre vassflaske
- All bruk av snus, røyk, alkohol og andre rusmidlar er forbode!
- Buldrevegg, turngrop og lengdehopp er berre ope for bruk ved organiserte treningar eller ved booking med ansvarleg vaksen
Når lag i klubben har trening i hallen, vil det stå i kalenderen i Hoopit at dei har trening der, men dette er ikkje ein fullstendig oversikt, den ligg berre på kommunen si side. Meir informasjon om anlegget (reglar, bruk m.m.) vil bli lagt ut etterkvart her.
Booking/opningstider finn de her - men Bygstad idrett og fritidspark er ikkje tilgjengeleg før veke 39:
site1.aktiv-kommune.no/sunnfjord/bookingfrontend/?click_history=a10475d689b380ee8d33509f3bae5413
Sjå innlegg i Hoopit (medlemsappen) om du ønskjer å melde deg som vakt eller ta kontakt på tlf 99725160.