Gaular IL støttar smarttelefonfri barndom
Forfatter: Aart Goossens
24. mars 2026
Gaular idrettslag stiller seg bak initiativet frå FAU ved Sande og Bygstad skule om ein smarttelefonfri barndom innan 2030. Born tilbring mykje av tida si i idretten, og vi ønskjer å vere ein del av det felles løftet for å skape trygge og mobilfrie arenaer for barna våre.
Difor har Gaular idrettslag innført følgjande regel:
Ingen mobilbruk under trening, i garderoben eller på arrangement i regi av idrettslaget. For barneskuleelevar gjeld dette òg reiser til og frå trening og kamp. På alle reiser er filming, deling og bruk av sosiale medium forbode.
Unntak kan gjerast for kontakt med foreldre eller særlege behov, i dialog med trenar eller lagleiar. Regelen vert ein del av den sportslige planen til Gaular idrettslag og undergruppane.
Mobilfrie rammer gir betre fokus, sterkare fellesskap og meir idrettsglede. Vi oppmodar alle føresette om å støtte opp om dette heime òg.
Nyttige ressursar:
- barnevakten.no: Råd om barn, skjerm og oppvekst.
- skjermbrukutvalget.no: Fagleg bakgrunn og tilrådingar.
- udir.no: Utdanningsdirektoratets råd.
Les òg brosjyren frå Bygstad og Sande skule for meir informasjon: Last ned brosjyren nedafor.
Takk til FAU ved Sande og Bygstad skule for dette viktige initiativet! Når vi dreg i same retning, skapar vi eit godt oppvekstmiljø for barna våre.