[email protected]


Logo
Bli medlem!
Kontakt oss

Bli med på Bygstadstafett og open hall i Bygstad 2. september

Forfatter: Bodil Ryste

06. august 2023

Friidrett
News article image

I samband med opninga av ny idrettshall i Bygstad inviterer vi til stafett. Program for dagen er oppdatert per 28.8.

Vi ynskjer flest mogleg med på stafetten, og de kan stille som idrettslag, nabolag, klasselag, vennelag eller liknande . Sjå under for kriterium for laget. Vi håpar vi kan få til ein skikkeleg kjekk stafett og med mykje folk på start og som heiagjeng.

Vi har sett nokre reglar for laget:

  • Totalt 6 personar på laget (ein person kan eventuelt ta fleire etappar)
  • Nedre alder for deltakar er 10 år (f. 2013)
  • Det må vere minst 2 jenter/damer på laget

Start og mål vil vere ved den nye hallen i Bygstad og løypekart er vedlagt. Korte etappar, frå ca 200 m til ca 700 m. Litt variert terreng/underlag, både asfalt, skogsveg, gras og grus. Nokre flate etappar, nokre kupert/nedover og oppover.

Løypekart (trykk på lenka)

Påmelding av laget/laga gjer du her (trykk på lenka)

Program for dagen blir løpande oppdatert her: Opningsfest for Bygstad idretts- og fritidspark - Sunnfjord kommune

Hovudrammene:

Kl. 12.45 Oppmøte
Kl. 13.00 - 13.45 Opning av hallen
Kl. 13.45 - 14.45 Open hall med blant anna 60 meter, lengde, buldring, fotball, hinderløype og fartsmåling
Kl. 15.15 Start Bygstadstafetten (utanfor hallen)

Premieutdeling etter målgang. Flott diplom til 3 beste lag og uttrekkspremie blant alle deltakarar på stafetten.

Dugnadsliste Stafett og 60-lengde

Følg med for meir info!

Kontakt: Gaular IL Løpskarusell

Per Jarle Smaamo, Bodil Ryste og Karsten Karlsen Sunde