Om klubben
Sesongstart 2026/27
Forfatter: Aart Goossens
24. september 2026
Forside
No startar haustsesongen i Gaular IL, og det er mykje å velje mellom for både barn, ungdom og vaksne. All påmelding skjer i Hoopit, og fristen for dei fleste aktivitetane er fredag 2. oktober.
Du kan mellom anna vere med på:
- Allidrett og Hopp og Sprett for dei minste (frå barn fødde 2023 til 4. klasse, i Bygstad og Sande)
- Langrenn frå 2. klasse
- Handball for J/G 8 og J 9
- Symjekurs frå 5 år, open bading og familiebading
- Fotball og futsal gjennom vinteren frå G/J 10
- Buldring for heile familien tysdagar i Bygstadhallen
- Trening for vaksne i trimgruppa
Tider, stad og pris for alle aktivitetane finn du på Tilbod-sida.
Ny i Hoopit? Her kan du lese korleis du registrerer deg og barna dine.
Velkomen!